Opplev Tindevegen
Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km) som tek deg frå Sognefjorden til Jotunheimen. Vegen er normalt open frå mai til november og er ”snarvegen gjennom Jotunheimen”, og kortaste alternativ frå Bergen til Trondheim. Og ferjefritt! Ein turistveg som knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen (nasjonal turistveg). Fjellvegen går gjennom mektig natur blandt vakre toppar i Jotunheimen, med mange flotte utsiktspunkt. Ein kort spasertur frå traseen, ligg eit fantastisk panorama med Hurrungane og Store Skagastølstind i aust og Sognefjorden og Skjolden i vest. Tindevegen er ein bomveg for MC, bilar, bilar med campingvogn og bubilar (anbefalt maks 10 meter).
Turistvegen mellom Sogn og Nasjonalparkriket
Statusmeldinger
04.09 – 06.10: Redusert opning.
Stengt for overfart man-tors 08-19 og fredag 08-15
Gjennomkjøring 12:15-12:45
Vegarbeid frå Lovadalen til Ringsdalstippen
Lørdag og søndag open!
Sjå meir på facebook.com/tindevegen
Webkamera
Sjå livebilder frå bomstasjon, vegen mot Årdal, Lovardalen, mot sør, Austabotntind eller vegen mot Turtagrø
Spørsmål? Ta kontakt med oss
Send e-post